Lokale organisasjonar ikkje på sosiale medier

Sjølv om sosiale medier som Facebook og Twitter er svært utbreidd i Noreg, har ikkje lokale frivillige organisasjonar tatt dei i bruk i same omfang.

Tradisjonelle heimesider er mest utbreidd blant lokale frivillige organisasjonar, og nettaktiviteten deira handlar stort sett om einvegs informasjonsdistribusjon. Dette syner artikkelen Associations Online: Barriers for Using Web-based Communication in Voluntary Associations, skriven av Ivar Eimhjellen, Dag Wollebæk og Kristin Strømsnes, nylig  publisert i tidsskriftet Voluntas.

Artikkelen tar utgangspunkt i lokallagsdata frå Hordalandsundersøkinga i 2009, samt innsamling av data omkring nettrepresentasjonen til desse organisasjonane frå 2011. Litt under halvparten av alle organisasjonane i undersøkinga hadde nettsider i 2011. Av desse igjen var det 17 prosent som hadde ein Facebook-profil og nesten ingen hadde Twitter-konto.

- I våre analyser har vi vidare sett på kva som kan vere med å hindre implementering av sosiale medier i frivillige organisasjonar, seier Eimhjellen.

 - Resultata våre tyder på at organisasjonane må ha ei viss mengd medlemmer og ha ein viss storleik på området organisasjonen arbeider innanfor for at sosiale medier skal vere nyttig. I tillegg vil eldre medlemmer, små budsjett og liten formaliseringsgrad vere med å hindre bruk av sosiale medier.

Vil dette ha noko betydning for organisasjonane?

- For små lokale organisasjonar så treng ikkje dette å bety noko som helst. Det kan godt vere at ansikt-til–ansikt-kommunikasjon og andre kommunikasjonsformer fungerer betre her. Nye sosiale medier og kommunikasjonsformer treng ikkje nødvendigvis å vere relevante. Men det kan jo óg tenkast at organisasjonar som ikkje fornyar seg, mellom anna ved å ta i bruk ny kommunikasjonsteknologi, vil forsvinne. Dessutan er det også mogleg  at etter kvart som dei som er oppvaksne med den nye teknologien, dei digitalt innfødde , vil prege organisasjonane, så vil også organisasjonane tilpasse seg det nye kommunikasjonslandskapet, påpeikar Eimhjellen.

Les meir her

Av Storrø Ragnhild Gimse (r.g.storro@samfunnsforskning.no)
Publisert 20. mars 2013 12:25