Internett styrker lokale frivillige organisasjonar

Generell nettbruk ser ut til å påverke organisasjonanes overlevingsevne og vekst. 

- Blant lokale frivillige organisasjonar har generell nettbruk styrka overlevingsevna og veksten til organisasjonar, syner Ivar Eimhjellen i den nyleg publiserte artikkelen «Internet Communication: Does It Strengthen Local Voluntary Organizations?»

Studien syner at utoverretta kommunikasjon gjennom internett er utbreidd og har vore med på å styrke lokale organisasjonar. I organisasjonane blir internett hovudsakleg nytta som verktøy for administrasjon og for einvegskommunikasjon ut til medlemer, frivillige og til andre organisasjonar.

- Deltakinga i sosiale medier er ikkje så stor blant lokale organisasjonar, likevel syner denne artikkelen at generell nettbruk er utbreidd og kan verke positivt inn på medlemstal og på mengda sosiale og kulturelle aktivitetar som blir arrangerte i organisasjonane, seier Eimhjellen.

Eimhjellen syner også ein samanheng mellom generell nettbruk og ei utvikling mot sentralisering av avgjerslemakt i organisasjonar, der makt blir flytta frå medlemer og medlemsdemokrati til leiinga i organisasjonane. 

Artikkelen tar utgangspunkt i lokallagsdata frå Hordaland i 2009.

Les meir om artikkelen «Internet Communication: Does It Strengthen Local Voluntary Organizations?» her

Av Kongerud Lén-Veronica (l.v.kongerud@samfunnsforskning.no)
Publisert 6. juni 2013 13:34