Fyrste stipendiat ved senteret

I samfinansiering med Det samfunnsvitskaplege Fakultet ved UiB er Ivar Eimhjellen tilsett som den fyrste stipendiaten ved Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor. Han skal sjå på frivillige organisasjonar sin bruk av internett og sosiale medier, og korleis dette verkar inn på samarbeid og kollektiv handling i sivilsamfunnet.

Ivar Eimhjellen si avhandling skal bestå av fire tidsskriftartiklar der han har kome i gang med to av dei allereie. Den foreløpige tittelen på avhandlinga er ”From face to face to facebook?”

 

- Om tittelen er gangbar om tre år får vi sjå på, endringar i det teknologiske landskapet kan skje ganske raskt og andre sosiale medier enn facebook kan kome på banen, seier Eimhjellen.

I ei komande bok om sosial kapital i Norge, i regi av senteret, bidrar Eimhjellen med eit kapittel. Her har han analysert data frå Hordalandsundersøkinga, ei stor spørjeundersøking til alle lag og organisasjonar i Hordaland, der han ser på bruk av internett og sosiale medier i frivillige organisasjonar.

- Det var kjekt å kunne delta i dette bokprosjektet, det gav meg mogelegheit til å jobbe vidare med eit tema eg har vore opptatt av lenge, seier Eimhjellen.

Han har  jobba med tema kring internett og sosiale medier sidan starten på masteroppgåva i 2005.

- Eg har lenge vore interessert i kva ny kommunikasjonsteknologi kan gjere for menneske og samfunn, for fellesskap og for deltaking. I masteroppgåva forska eg på døve ungdommars bruk av internettkommunikasjon. Eg såg her på korleis internettbruken gav meining til individ, og kva konsekvensar den kan ha for individ, sosiale nettverk og gruppefellesskap, fortell Eimhjellen.

Sosiale medier i vinden
I seinare tid har merksemda mot internett og sosiale medier auka sterkt, særleg i nyheitsbiletet, og det florerer av meiningar kring konsekvensar av dei sosiale media.

- Eg synast det er viktig å kunne gje forskingsbaserte responsar til ulike påstandar om konsekvensar av nettkommunikasjon, både positive og negative.

Doktogradsprosjektet til Eimhjellen skal vere ferdig i 2014. Då skal fire tidsskriftartiklar og ei brei innleiing kunne gje eit vitskapsbasert bilete på nokre av konsekvensane av sosiale medier i sivilsamfunnet.

- Eg håpar å kunne gje eit viktig bidrag til forskinga kring sosiale medier og kva det gjer med samfunnet og kva konsekvensar det har for sivilsamfunn, deltaking og demokrati, seier stipendiaten.

Unike data
Gjennom senterprosjektet ”Organisasjonenes bruk av sosiale medier” har Eimhjellen jobba med å kartlegge alle nettsidene til frivillige organisasjonar i Hordaland.

- Dette er utgangspunkt for andre artikkel i doktorgraden der eg spør om korleis forholdet er mellom online og offline aktivitet og vitalitet i frivillige organisasjonar. Desse data seier mykje om korleis organisasjonar ter seg på nett og kva dei legg ut der. Det heilt spesielle er at desse data kan knytast direkte til  informasjon om organisasjonane frå Hordalandsundersøkinga ved å analysere nettsideinnhaldet og sjå på  kjenneteikn ved organisasjonane som eig nettsidene.

På dette prosjektet er Eimhjellen knytt til VERDIKT-prosjektet ”Social media and the new public sphere”, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Institutt for samfunnsforskning, Uni Rokkansenteret og internasjonale partnarar.

Tilknyttet senteret
Eimhjellen starta som forskingsassistent ved Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor hausten 2009. Han er no stipendiat ved sosiologisk institutt i Bergen og finansiert gjennom senteret og det samfunnsvitskaplige fakultet ved UiB.

Som tidlegare forskingsassistent på senteret har han fått erfaring på frivilligfeltet og har jobba med datainnsamling og -behandling, og analyse og publisering.

- Gjennom arbeidet ved senteret har eg fått utvida min kompetanse både når det gjeld fagfelt og tema, men også omkring kvantitativ metode og analyse. Eg har fått praktisk erfaring som forskar og fått innblikk i alle stega i ein forskingsprosess, seier Eimhjellen.

Av Trude Løw Hansen (trude.l.hansen@samfunnsforskning.no)
Publisert 16. juni 2011 10:19 - Sist endret 30. juni 2022 10:19