Ny utgåve av TfS

Årets fjerde og siste utgåve av Tidsskrift for samfunnsforskning inneheld artiklar om høyrevridde alternative media, om korleis NAV møter innvandrarar med «språkutfordringar», og om metodologiske problemstillingar ved eksperimentelle studiar på velferds- og utdanningsfeltet.

Skjermdump av Tidsskrift for samfunnsforsknings forside

Alternative media i randsona av journalistikken

I artikkelen «Innenfor eller utenfor? Høyrevridde alternative medier og forhandling om grenser i den journalistiske institusjonen» undersøker forfattarar Karoline Andrea Ihlebæk og Tine Ustad Figenschou kva som hende då høyrevridde medieaktørar søkte seg inn i den norske journalistiske institusjonen.

Artikkelen tek for seg Document og Resett sine søknadar til Norsk redaktørforeining og Mediebedriftenes Landsforeining, for å sjå på «framveksten av høyrevridde alternative medier i den norske mediesektoren og hvordan grensene mellom profesjonelle og alternative aktører forhandles på et institusjonelt nivå.»  Dei diskuterer korleis kontroversane som oppstod må sjåast i lys av kontinuerlege grensedragingar i den norske journalistiske institusjonen, men også korleis alternativmedia representerer ein ny type utfordrar.

NAV sitt flipperspel med innvandrarar med «språkutfordringar»

Maria G. Volckmar-Eeg og Anders Vassenden har gjennomført eit fem månadar langt feltarbeid ved eit NAV-kontor, for å kartleggje korleis mange innvandrarbrukarar vert «innlåst» i NAV-systemet. Artikkelen «Et flipperspill i velferdsstaten: Innlåsing av innvandrere med «språkutfordringer» i NAV» ser på innlåsingsmekanismar som gjer at slike brukarar vert varig avhengige av sosialhjelp.

Forfattarane skildrar korleis rettleiarar si forståing og bruk av kategorien «språk» bidreg til at brukarar med språkutfordringar vert spelt mellom avdelingar i eit «flipperspel», kor brukarane ender i flipperspelet sitt hol, «pensjonert på sosialhjelp». Artikkelen kastar lys over korleis «språk» vert ein sekkekategori for meir eller mindre ubestemmelege utfordringar i velferdsstaten sitt arbeid med inkludering i arbeidsmarknaden.

Eksperimentelle studiar og metodologiske problemstillingarpå velferd- og utdanningsfeltet

«Evalueringer med eksperimentelle design er stadig vanligere på samfunnsvitenskapelige områder, men de kan være utfordrende å gjennomføre» skriv forfattarar Ira Malmberg-Heimonen og Anne Grete Tøge.

Deira artikkel «Behandlingskontrast i eksperimenter innen velferd og utdanning» nyttar døme frå forfattarane si eiga forsking, og tek særleg føre seg utfordringar med å sikre behandlingskontrast, altså at det er tilstrekkelege skilnader mellom aktivitetar i eksperiment- og kontrollgruppa. Artikkelen bidrar til å tydeleggjere utfordringar og krav til intervensjonar og kontekst i studiar som nyttar eksperimentell design. For forskarar og politikkutviklarar er det viktig å vere oppmerksam på dette, både for å ivareta forutsetningar for å gjennomføre eksperiment og for tilliten til resultata, skriv Malmberg-Heimonen og Tøge.

Forskarkommentar: Norske ungdomspolitikere: Hvem er de, hva gjør de, og hvor vil de?

I kommentaren «Norske ungdomspolitikere: Hvem er de, hva gjør de, og hvor vil de?» presenterar forfattarar Kristoffer Kolltveit, Rune Karlsen og Bernt Aardal eit nytt datasett om norske ungdomspolitikarar og forhold ved ungdomspartia som rekrutterings- og læringsarena. Dei spør: 1) Kven er norske ungdomspolitikarar, og kvifor engasjerer dei seg i politiske parti? 2) Kva gjer norske ungdomspolitikarar, og kva meiner dei om sentrale politiske stridsspørsmål? 3) Kvar vil norske ungdomspolitikarar, og kva kan stanse dei?

Bokmelding: Arven etter 1968

Dag Einar Thorsen meldar boka Arven etter 1968, frå redaktørar Knut Dørum, Øyvind Tønnesson og Ralph Henk Vaags. Thorsen skildrar boka som særeigen i at ho har eit samanliknande og internasjonalt fokus. Heile bokmeldinga kan du lese i Tidsskrift for samfunnsforskning si fjerde og siste utgåve av året.

Av Nina Urholt
Publisert 15. nov. 2022 10:08 - Sist endret 15. nov. 2022 10:18